• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    12.04.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6575063
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Elevassistentar Gol skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Gol skule er ein 1-10 skule med ca 480 elevar og 90 tilsette.

Vi søkjer elevassistentar/miljøarbeidarar/fagarbeidarar til eit antal faste og midlertidige stillingar.
Dei midlertidige stillingane er i fyrste omgang for skuleåret 26/27, men kan bli utvida til faste stillingar etter kva skulen har for behov til sine elevar.

Den som blir tilsett må rekne med å arbeide både på skulen og SFO, innanfor arbeidstid frå 07.30 - 16.30.
Nokre av stillingane kan også bli knytt opp mot arbeid i avlastning- og miljøterapitenesta.

Kvalifikasjonar:

  • Barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagutdanning

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid med elevar med særlege behov og relasjonsutfordringar; i klassen, på grupper eller åleine
  • Arbeid på SFO

Vi tilbyr:

  •  Eit spennande og triveleg arbeidsmiljø
  •  Fokus på individuell og kollektiv utvikling
  •  Varierte arbeidsoppgåver

For stillinga gjeld:

  •  Lønn etter utdanning og ansiennitet

Vi ynskjer at du:

  •  Er ein person med engasjement og interesse for arbeidsoppgåvene
  •  Har eit godt blikk for barn og er aktiv i barn si utvikling
  •  Kreativ og løysingsorientert i tilrettelegging for barna
  •  Har evne til å stå i utfordrande situasjonar
  •  Kan byggje gode relasjonar til elevar og kollegaer
  •  Kan bidra til glede og begeistring på arbeidsplassen

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på i tilsettinga.

Politiattest må leggast fram.

Anna:
Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.
Dersom du har vore heime med barn eller hatt anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid. For stilling utan krav til utdanning får du berekna ansiennitet for all offentleg og privat teneste. Som privat teneste kan også arbeid i heimen reknast med, med inntil 6 år. For alle andre stillingar får du ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste.
I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert.
Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er,
eller har vore tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å
generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du
søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.


Søknadsfrist 12. april 2026.

Kontaktperson:
Morten Lien, Rektor, tlf: 32029241, mobil: 90674463

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    12.04.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6575063
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune