Bedrift
Stiftinga Hardanger og Voss museum ASSøknadsfrist
15.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Museer og historiske bygningerUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5778, UTNE
ULLENSVANG
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6624682Se her for andre jobber fra Stiftinga Hardanger og Voss museum AS
Stiftinga Hardanger og Voss museum AS
Avdelingsleiar til Kunsthuset Kabuso
Hardanger og Voss museum søkjer avdelingsleiar til Kunsthuset KabusoMuseer og historiske bygninger
Kunsthuset Kabuso er eit profesjonelt kunstsenter, med eit variert tilbod innan samtidskunst, konsertar og formidling. Verksemda omfattar skiftande kunstutstillingar, drift av konsertsal, kafé og butikk, samt forvalting av Ingebrigt Vik-samlinga og Kvam bygdemuseum. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar som vil vere med på å vidareutvikle Kabuso som kunstinstitusjon og møteplass.
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å forme profilen til Kabuso, med ansvar for både kunstnerisk utvikling, dagleg drift og strategisk leiing. Du vil arbeide tett saman med dyktige medarbeidarar og vere ein del av leiargruppa i Hardanger og Voss museum.
Du vil rapportere til direktør for Hardanger og Voss museum. Arbeidsstad er Øystese.
ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER
Som avdelingsleiar vil du vere kunstnerisk leiar og ha det overordna ansvaret for drift og utvikling av Kunsthuset Kabuso. Rolla kombinerer fagleg, administrativt og økonomisk ansvar, og inneber stor grad av sjølvstende i utforming av verksemda. Samstundes inneber rolla operative oppgåver i kvardagen, og vi ser etter deg som trivst med å bidra der det trengst. Som avdelingsleiar har du ansvar for å forvalte samlingar og sikre at drifta skjer i tråd med gjeldande føringar, vedtak og mål for museet.
Du vil mellom anna ha ansvar for å
- leie og vidareutvikle den faglege profilen ved Kabuso, inkludert kuratering og planlegging av utstillingar og konsertar
- utvikle program og aktivitetar i tråd med Kabuso si rolle som kunstsenter og møteplass
- ha personalansvar for tilsette og følgje opp eit godt arbeidsmiljø
- planlegge og følgje opp budsjett i samarbeid med økonomifunksjonen i museet
- sikre god drift av bygg, samlingar og tekniske fasilitetar
- representere Kabuso utad og bygge relasjonar til kunstnarar, samarbeidspartnarar og relevante fagmiljø
- bidra til utviklinga av Hardanger og Voss museum som heilskap
- KVALIFIKASJONAR OG PERSONLEGE EIGENSKAPAR
Vi søkjer deg som har solid fagleg forankring innan kunstfeltet og evne til å kombinere dette med leiing og drift. Du trivst med å arbeide både strategisk og operativt, og har evne til å skape engasjement og retning. Vi trur du er ein person som leier gjennom tillit og involvering, og legg til rette for fagleg autonomi hjå medarbeidarane dine samstundes som du gir tydeleg retning.
Det er ønskjeleg at du har
- relevant høgare utdanning innan kunsthistorie, kunstfag eller tilsvarande
- fleire års erfaring frå kunst- eller kulturfeltet
- leiarerfaring og erfaring med personalansvar
- god økonomiforståing og erfaring med budsjettarbeid
- gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
Vi trur du er ein leiar med høg gjennomføringsevne og evne til å sjå moglegheiter for vidare utvikling av Kabuso. Du har god sosial intelligens, trivst med å bygge relasjonar og evnar å skape tillit både internt og eksternt.
Det er viktig for oss at du forstår Kabuso si rolle i lokalsamfunnet, og klarer å balansere internasjonale ambisjonar med lokal forankring. Du må vere komfortabel med å ta faglege avgjerder og stå i dei. Vi ser etter deg som ønskjer å utvikle institusjonen over tid, og som motiverast av å skape varige resultat.
KVIFOR KUNSTHUSET KABUSO?
Hos oss får du ei spennande leiarstilling med stor påverknad på utviklinga av eit etablert kunstsenter med ambisjonar for framtida. Du vil bli ein del av eit fagleg sterkt og engasjert miljø, der samarbeid, kvalitet og formidling står sentralt.
Vi tilbyr
- ei variert og meiningsfull leiarstilling i ein sentral kulturinstitusjon
- eit godt og uformelt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- moglegheit til å påverke utviklinga av kunst- og kulturtilbodet i regionen
- konkurransedyktige vilkår, gode pensjons- og forsikringsordningar
Søknadsfrist: 15. juni – me vurderer søknader fortløpande.
ØNSKJER DU MEIR INFORMASJON OM STILLINGA?
Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved rådgjevarane
Fredrik Abrahamsen Deilkås, tlf. 984 72 541
Allette Solberg, tlf. 900 20 132
Registrer og send inn CV og søknad, og hugs å legga ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – også overfor oss i Hardanger og Voss museum i den innleiande fasen (dette gjeld også for interne søkjerar) Tiltreding etter nærare avtale.
Bedrift
Stiftinga Hardanger og Voss museum ASSøknadsfrist
15.06.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Museer og historiske bygningerUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5778, UTNE
ULLENSVANG
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6624682Se her for andre jobber fra Stiftinga Hardanger og Voss museum AS
-
Leiar for Koordinering og tildeling
Sula kommune
LANGEVÅG -
Helsefagarbeider, 80-100 % fast stilling
Sula kommune
LANGEVÅG -
Dagleg leiar for Leikanger frivilligsentral
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Drivkraft søker trainee: Næringsutvikling og kommunikasjon
Framtidsfylket AS
FØRDE -
100 % fast stilling som sjukepleiar - avdeling Stugu
Ål Kommune
ÅL