Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
18.05.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6187175Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Kulturskulerektor 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vill du vere med og forme ein kulturskule for framtida i Øygarden Kommune?
Øygarden kommune er ein vekstkommune med nær 40 000 innbyggarar som har som visjon å vere eit fyrtårn i vest.
Kulturskulen gir opplæring innan kunst- og kulturfag som er tilpassa ulike aldersgrupper. Målet er å bidra til å bygge born og unges estetiske, sosiale og kulturelle kompetanse og evne til kritisk refleksjon og sjølvstendige val. Kulturskulen skal ivareta både bredde og talent, og ha et variert tilbod. Her kan born og unge prøve seg fram og fordjupe seg i det dei har interesse for. Det er også ein stad å møte venner og ta del i eit fellesskap.
Kulturskulen er heimla i Opplæringslova §26 og Barnekonvensjonen artikkel 31.
Vi søkjer ein dyktig og utviklingsorientert leiar med gjennomføringsevne for kulturskulen i kommunen.
Kulturskulerektor er ein del av leiargruppa til kultursjefen og rapporterer til den. Kulturskulerektor har det øvste ansvaret for kulturskulen i kommunen. Hovudbase og kontor ligg på Liljevatnet. Leiingskompasset med verdiane modig, stolt, med glød og på lag gjev retning for korleis vi utøvar leiarskap i kommunen.
Ansvarsområde- strategisk utvikling av kulturskulen
- organisasjons-, fag- og kompetanseutvikling
- dagleg drift og leiing
- budsjett, økonomi- og verksemdstyring
- personalansvar
- kvalitet, helse, miljø og tryggleik
- marknadsføring og kommunikasjon
- ulike arrangement
- samhandling med oppvekstfeltet og kulturlivet i kommunen
- samarbeid UH-sektoren
- partssamarbeid
- Minimum bachelor frå høgskule/ universitet, fortrinnsvis innan kunst-, teater-, dans- eller musikkfag
- Leiarerfaring
- Gode datakunnskapar ( kulturskulen nyttar mellom anna Speedadmin)
- Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
- Leiarutdanning eller anna realkompetanse
- Kjennskap til kulturskulen sitt oppdrag og verksemd
- Gode leiareigenskapar og samarbeidsevner
- Kreativ, initiativrik og løysningsorientert
- Strukturert og god til å planlegge
- Kan engasjere og motivere
- Er besluttsom og har gjennomføringskraft
- Har en heilskapeleg tilnærming og er bevisst på kulturskulen sitt samfunnsansvar
- ein utfordrande og spennande stilling
- engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
- gode pensjons og forsikringsordningar
Kultursjef Marian Guddal Hansen, telefon 988 53 282.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
18.05.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6187175Se her for andre jobber fra Øygarden kommune