• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    22.06.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6248398
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 07.06.2025
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Rettleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ønsker du å gjere ein forskjell i folk sine liv? Har du trua på at alle menneske som vil kan komme i arbeid? Trivast du med oppfølging, sakshandsaming og å finne gode løysingar i samhandling med menneske i krevjande situasjonar? Då kan du vere den vi søker etter.

Som rettleiar i NAV skal du følgje opp brukarar i tråd med Nav sitt samfunnsoppdrag. Nav skal betre levekåra for vanskelegstilte, bidra til sosial og økonomisk tryggleik, her under at den einskilde får høve til å leva og bu sjølvstendig, samt fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.

Nav Sunnfjord og Ytre Sogn er kommunane i Sunnfjord, Høyanger, Fjaler og Hyllestad sitt felles Nav-kontor med om lag 60 tilsette. Teamet du kan bli ein del av består av skikkeleg flinke og trivelege folk. Vi er organisert i fire avdelingar som arbeider på tvers av lokasjonanane i Førde, Høyanger Dale og Hyllestad med eigen avdelingsleiar. Vi har også tett samarbeid med Askvoll og Kinn, då vi er regionkontor for Sunnfjord regionen.

Rettleiar 

Avdeling for levekår
100% fast stilling, ledig frå 11.08.25
Arbeidsstad: Førde. (Arbeid ved lokasjonar i Høyanger, Dale og Hyllestad må påreknast etter behov)

Arbeidsoppgåver:

• Arbeidsretta og sosialfagleg oppfølging av eigen portefølje.
• Kartlegging, rettleiing og tilrettelegging for personar som treng støtte og hjelp i overgangar til arbeid, inkludering i samfunnet og eigen livsmestring.
• Sakshandsaming og oppfølging etter aktuelt lovverk.
• Tett samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar.
• Bidra til fagutvikling i eiga avdeling og i kontoret.

Det kan kome spennande endringar i oppgåver som følgje av endra behov hos innbyggarar og/eller organisasjonen elles.

Kvalifikasjonar:

Du må ha:
• Minimum 3-årig utdanning frå høgskule eller universitet, gjerne innan sosialt arbeid, sosial og helsefag eller liknande. Særleg relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
• Gode kommunikasjons- og formidlingsevner i norsk, – skriftleg og munnleg.
• God digital kompetanse.

Ønska kvalifikasjonar:
• Erfaring med oppfølging, rettleiing og med å motivere menneske med ulike helsemessige og sosiale utfordringar.
• Erfaring med å koordinere tenester og arbeide heilskapleg.
• Erfaring med, og kjennskap til offentleg forvaltning, t.d. sosiale tenester eller arbeidsretta oppfølging.
• Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar
• Du har gode samarbeidsevner, og likar å bidra aktivt i det kollegiale fellesskapet.
• Du trivest med å arbeide med motivasjons- og endringsarbeid med menneske og verdset brukarmedverknad.
• Du likar å arbeide sjølvstendig og klarar å prioritere i ein hektisk kvardag.
• Du er engasjert, blid og positiv.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

• Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
• Engasjerte og dyktige kollegaer, som brenn for å hjelpe menneske.
• Store moglegheiter for å påverke eigen arbeidskvardag.
• Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
• Fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida.
• Tilsetting i Sunnfjord kommune med løn etter gjeldande kommunale løns- og pensjonsvilkår, i lønsspenn 507 400 til 673 400 etter utdanning og tenesteansiennitet.

 

Velkommen som søkar.

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    22.06.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6248398
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 07.06.2025