• Bedrift
    Norli Libris AS
  • Søknadsfrist
    29.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Bokhandler
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5460, HUSNES
    KVINNHERAD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6258625
  • Se her for andre jobber fra Norli Libris AS
Ledig stilling

Norli Libris AS

Salgsmedarbeider deltid Norli Ringo Husnes

Bokhandler

Rigmor går av med pensjon – kanskje du er den nye kollegaen vår?

Vår gode kollega Rigmor skal pensjonere seg, og vi har lyst til å få inn ein ny person i den koselege bokhandelen vår på Husnes Storsenter. Butikken ligg midt på senteret, og er ein moderne bokhandel med stort utval i alle sjangrar – i tillegg har vi ein stor og fargerik Ringo-avdeling full av leiker.

No ser vi etter deg som har lyst til å vere med på å gi kundane ei god oppleving når dei kjem innom. Du må like å prate med folk, og gjerne vere interessert i bøker og/eller andre delar av det vi har i hyllene.

Arbeidskvardagen vil bestå av sal og kundebehandling, varemottak og plassering av varer – og alt det andre som skjer i ein levande butikk.

For å gi best mogleg service og skape gode resultat, treng vi deg som tek ansvar, trivst med å jobbe saman med andre og vil vere med på å utvikle både butikken og arbeidsmiljøet.

Vi tilbyr ordna arbeidsforhold og løn etter tariff.

 

Stillinga inngår i ein fast arbeidstidsplan, der det i hovudsak er kveldar og helger som gjeld, men det er bare positivt om du også kan bidra på dagtid. Det vil også vere moglegheit for meir jobb i feriar og travle periodar. 

Som salgsmedarbeidar må du rekne med ekstravakter og endringar i arbeidstid når det trengst – spesielt i sesong og ved ferieavvikling eller sjukefråvær.

 

Vi håpar du kan begynne allereie i sommar, slik at vi faste kan ta oss litt velfortent ferie. Du får god opplæring, og det blir truleg mykje jobb i sommarmånadene. Frå hausten går det over i ei mindre stilling med faste vakter.

 

Søkjarar må kunne snakke og skrive norsk godt, og vere fylt 18 år. 

Åpningstidene for butikken er man - fre: 10-19 og lør: 10-16.

 

  • Bedrift
    Norli Libris AS
  • Søknadsfrist
    29.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Bokhandler
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5460, HUSNES
    KVINNHERAD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6258625
  • Se her for andre jobber fra Norli Libris AS