Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
13.05.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6183289Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Senior prosjetktleiar nybygg
Ferger
VI HAR LEDIG STILLING SOM SENIOR PROSJEKTLEIAR NYBYGG I VERDAS LEIANDE FERGESELSKAP!
Nybygg er organisert under Teknologi og prosjekt (T&P), i lag med Teknologi og utvikling, Anbodsstøtte og Prosjektrealisering. Totalt tel T&P 18 dyktige og dedikerte kollegaer innan ulike tekniske områder.
Nybygg har ansvar for bygging av nye fartøy og ombygging/oppgradering av dei eksisterande. Som senior prosjektleiar er det ynskje at du deltek i eit overordna ansvar i avdelinga og får også eigne områder du føl opp ekstra.
I stillinga vil du også følgje opp tildelte nybyggings- og ombyggingsprosjekt frå idéstadium til ferdig produkt. Dette gjer du i tett samarbeid med byggjetilsyn, driftsorganisasjon, designselskap, verft, utstyrsleverandørar, klasse og myndigheiter. Du vil og jobbe med teknologiutvikling og implementering av ny teknologi på våre fartøy, samt noko deltaking i anbodsarbeid knytt til fartøykonsept, energisystem, rutestudier og kalkylar.
Du har eit stort engasjement for kvalitet i leveransar frå avdelinga og er opptatt av erfaringsoverføring frå tidlegare prosjekt og seglande fartøy. Du kan tenke deg å jobbe systematisk og organisatorisk saman med driftsorganisasjon, øvrige prosjektleiarar og byggetilsyn for kontinuerleg forbetring av kvalitet frå verft og leverandørar.
Lurer du fortsatt på kvifor du skal søkje på stillinga?
Du blir del av eit team som er bygd på kjerneverdiane godt humør, open og ærleg, påliteleg, lønsemd, samhandling og stoltheit. Vi tar pålitelegheit på alvor og drivast av eit ynskje om å levere kvalitet i alt vi gjer.
Kven håpar vi at du er?
Vi ser etter deg som er løysingsorientert og som trivast med stor grad av samhandling. Du er systematisk, analytisk og nysgjerrig på ny teknologi, og moglegheitene som ligg i dette. Du har gjerne også kunnskap og erfaring med økonomi og avtalar. For å lykkast i stillinga må du ha gode kommunikasjonseigenskaper, evne til å engasjere, motivere og styre både interne og eksterne prosjektdeltakarar.
Reising til spennande prosjekt i inn og utland må påreknast.
Har du lyst å delta i oppbygginga av ei meir berekraftig maritim næring og lede an i teknologiutviklinga? Då håpar vi at du sender oss din søknad!
Kvalifikasjoner:
- Høgare utdanning innan relevant fagfelt, gjerne maskin- eller marinteknikk. Kjennskap til elektro er ein fordel.
- Arbeidserfaring frå verft, reiarlag, designselskap e.l. er ynskjeleg, men ikkje eit absolutt krav
- Gode kommunikasjonseigenskapar munnleg og skriftleg
- Du har gode norsk- og engelsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Du har gode IT kunnskapar, og gjerne kunnskap om maritime vedlikehalds- og sikkerheitsstyringssystem
Personlige egenskaper:
- Gode leiar- og samarbeidseigenskapar
- Systematisk og strukturert
- Analytisk
- Nysgjerrig
- Sjølvstendig
- Løysingsorientert
Vi tilbyr:
- Ei engasjerande, utfordrande og sjølvstendig stilling med nyskapande og framtidsretta teknologi for ferjer og hurtigbåtar
- Godt arbeidsmiljø
- Dyktige kollegaer
- Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
- Fleksible arbeidsordningar
- Moglegheiter for fagleg- og personleg utvikling
- Gode velferdsordningar
- Topp moderne og nye kontorlokale sentralt i Florø
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
13.05.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6183289Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA