• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    06.07.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6899, BALESTRAND
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6267272
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Sogndal kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå 01.08.2025 søkjer me sjukepleiar i fast 50 % stilling ved Balestrand legekontor!

Balestrand legekontor har 2 fastlegar og 2,0 årsverk hjelpepersonell. Kontoret har eige laboratorium og er samlokalisert med helsestasjon, jordmor, fysioterapi og psykiatriteneste. Me tilbyr ein kompetansearbeidsplass med høg fagleg og etisk standard, godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til gode helse- og trivselsfremjande tiltak for sine tilsette. 

Bygda Balestrand har ca. 1100 innbyggjarar og ligg fint til ved Sognefjorden omgitt av vakker natur med gode mogelegheiter for friluftsliv med alt frå topptur til fots og på ski til båtliv på fjorden. Det er særskilt flott tilrettelagt med turstiar i fjellet. I bygda er det lang tradisjon for turisme og kunst, i tillegg til fleire fruktgardar, noko som vert spegla i fleire overnattingsstader og etestader i bygda. Norsk Reiselivsmuseum ligg også her. Snøggbåten mellom Sogndal og Bergen stoppar på kaien i bygda, noko som gjer reiser til Bergen svært enkelt. 

Arbeidsoppgåver 

Allsidige oppgåver for sjukepleiar. Aktuelle oppgåver er telefontriagering, resepsjonsarbeid og administrative oppgåver samt mellom anna sårskift, spirometri, EKG, enkle pasientkontrollar og laboratoriearbeid. 

Krav til søkjar: 

Autorisert sjukepleiar. 

Det er en fordel å kjenne IT-system frå helsetenesta, Balestrand legekontor nyttar CGM allmenn.  

Gode evner til både sjølvstendig arbeid og lagarbeid. 

Godt humør og evne til å møte pasientar og kollegaer på ein god måte. 

Fleksibilitet, evne til å handtere fleire problemstillingar på ein gong, tåle avbrytingar og samstundes klare å jobbe systematisk og ryddig. 

Flytande norskkunnskapar skriftleg og munnleg. 

Personlege eigenskapar blir tungt vektlagde. 

Det som vert tilsett må leggje fram: 

- Tuberkulose/MRSA-skjema, eventuelt tuberkulinattest av ny dato. 

- Politiattest av ny dato. 

 

Andre opplysningar:

Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet "Telefon/Mobil privat" i den elektroniske søknaden. 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    06.07.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6899, BALESTRAND
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6267272
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune