• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    29.05.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6194982
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Sula kommune

Vernepleiarar/ sjukepleiarar og sosialarbeidarar med fagansvar .

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagane. Kanskje er du vår nye kollega?

Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer deg som vernepleiar/sjukepleiar og helse- sosialfagleg utdanning som sosionom og barnevernspedagog til vår eining.

Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar.  I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar i arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.


Vi har ledig:

Jetmundgarden:

3 x 100% fast stilling som fortrinnsvis vernepleiar/ sjukepleiar og/ eller bachelor i sosialt arbeid/ barnevern.

1 x 83 % fast stilling som fortrinnsvis  vernepleiar/sjukepleiar og/ eller bachelor i sosialt arbeid/ barnevern.

Geilneset:

1x 100% fast stilling som fortrinnsvis vernepleiar/ sjukepleiar og/ eller bachelor i sosialt arbeid/ barnevern.

Siste års vernepleiarstudentar vert oppmoda til å søkje.

Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.

Jetmundgarden er ei avdeling med åtte bueiningar der arbeidet består i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. Avdelinga yter heildøgnomsorg til menneske med ulike funksjonsvariasjonar som autismespekterforstyrringar og psykiske vanskar. Vi arbeidar for at tenestemottakarane skal oppleve tryggleik, sosiale relasjonar, respekt og god livskvalitet. Du skal som tilsett sikre brukarmedverknad og gje god kvalitet på tenesta. Du skal rettleie tenestemottakar, samarbeide med pårørande, kollegaer og studentar. 

Avdelinga har fokus på kompetanseløft og nokre av satsingsområda er målretta miljøarbeid og positiv åtferdstøtte.  

Geilneset 11 er ei avdeling som gir heildøgnstilbod til menneske med samansatte funksjonshemmingar i bustadar for vaksne. Geilneset 9 er eit avlastningstiltak for born og unge.

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelingane har turnusordning med utvida arbeidstid  f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg. Jetmundgarden bufellesskap har årsturnus der du kan vere med å påverke arbeidstida di. 

Kvalifikasjoner:

  • Vi søkjer fortrinnsvis personar med gyldig autorisasjon som vernepleiar/ sjukepleiarar, samt 3- årig helse- og sosialfaglegutdanning  (sosionom og barnevernsutdanning).
  • Erfaring frå liknande arbeid, samt utfordrande åtferd vil verte føretrekt.
  • Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk.
  • Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan.
  • Utarbeiding og oppfølging av vedtak etter Hotjl. kap. 9.
  • Datakunnskap.
  • Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
  • Krav om førarkort klasse B.
  • Politiattest. 
  • Oppgje referanse.

Personlige egenskaper:

  • Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med menneske.
  • Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tole stress. 
  • Arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan og rutinar. 
  • Bidra til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving. 
  • Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Eit positivt og engasjert fagmiljø.
  • Kompetanseheving og fagleg utvikling.
  • Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
  • Vanleg kommunale tilsetjingsvilkår.
  • God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
  • Lokalt tillegg for helsepersonell.
 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    29.05.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6194982
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune