Company
Hå kommuneApplication deadline
12.08.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
4360, VARHAUG
HÅ
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6319986Look here for other jobs from Hå kommune
Hå kommune
Assistent SFO
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
På Varhaug SFO ser vi no etter ein engasjert og omsorgsfull person som vil vera med på laget vårt! Me søker deg som både kan vera ein trygg vaksen og ein aktiv leikekamerat for elevane våre. Du er ein person som set tydelege grenser, men som samstundes utstråler varme, tryggleik og omtanke.
Kven er me?
Varhaug SFO er ein leiken og livleg arena der aktivitet og trivsel står i fokus. Me er i stadig utvikling, og i haust startar me opp med både turgruppe og restaurant-prosjekt, i tillegg til dei faste aktivitetane våre som uteleik, inneleik, gymsal, sløyd, forming og rolege stunder på biblioteket. Me er ein kreativ og løysingsorientert gjeng som elskar å finne på nye ting saman med elevane våre.
Kven søker me etter?
Du trivst i lag med barn, og har eit ekte engasjement for å bidra til deira utvikling og kvardag. Du likar å vere aktiv og tek gjerne initiativ til den gode leiken. Du har lyst til å vere med på å vidareutvikle SFO-tilbodet saman med resten av teamet vårt. Me ønskjer ein person med Barne- og ungdomsarbeidarfagbrev, men anna utdanning vert og vurdert. Stillingsstorleiken er om lag 27%.
Arbeidstid:
- Tysdag: 11:10–15:30
- Onsdag: 13:55–16:00
- Torsdag: 13:55–16:00
- Fredag: 12:20–15:30
Kva kan me tilby?
- Ein triveleg og inkluderande arbeidsplass
- Høve til å påverke og utvikle aktivitetstilbodet
- Ein variert kvardag med mykje glede, latter og leik
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar me du sender oss ein søknad! Me gleder oss til å bli kjent med deg.
Tilsetjinga kan skje fortløpande.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Company
Hå kommuneApplication deadline
12.08.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
4360, VARHAUG
HÅ
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6319986Look here for other jobs from Hå kommune