Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
12.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6578079Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i Nybø barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Det er ledig to stillingar som barne- og ungdomsarbeidar/assistent i Nybø barnehage. Me held til i Leikanger, om lag 20 kilometer frå Sogndal sentrum.
I barnehageåret som går no, har me 53 barn fordelte på tre avdelingar. Me har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden.
Begge bygga er frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø. Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar heilt nede ved fjorden. Her har me kort veg til natur med skog og mark, badestrand, sentrum, idrettshall og andre funksjonar. Temaet for barnehageåret 2025/2026 er friluftsliv og matglede.
Hos oss møter du eit fagleg sterkt miljø med 16 tilsette, og ein god miks i alder. Leiinga består av styrar og assisterande styrar.
No ser me etter ein fagleg og engasjert barne- og ungdomsarbeidar eller assistent. Du er relasjonssterk og inkluderande, og har lyst til å bli ein del av ein velfungerande barnehage.
Me har no følgjande ledige stillingar:
- Fagarbeidar/assistent, 100% vikariat 01.08.2026 - 31.12.2026 med moglegheit for utviding til 31.07.2027
- Fagarbeidar/assistent, 100% vikariat 01.08.2026 – 31.07.2027
Det kan kome fleire stillingar som vert ledige i løpet av våren.
Arbeidsoppgåver:
- Sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
- Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
- Personalressurs og drift i barnehagen
- Bidra til eit godt samarbeid med føresette
Kvalifikasjonar:
- Barne- og ungdomsarbeidar, men ufaglærte med relevant praksis kan også søkje
- Gjerne arbeidserfaring frå barnehage
- Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- Menn vert oppmoda om å søkje
- Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar:
- Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- Fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
- Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa med føresette og kollegaer
- Likar å arbeida i lag med andre
- Taklar høgt tempo i kvardagen
- Godt humør
- Leiken og aktiv
- Taklar høgt tempo i kvardagen
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Eit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivå
- Engasjerte og støttande kollegaer
- Leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Sogndal kommune er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. I kommunen er det totalt 14 barnehagar, der 11 av barnehagane er kommunale barnehagar.
Du kan bli betre kjend med Sogndal kommune og barnehagen her:
Oppvekst og utdanning - Sogndal kommune
Nybø barnehage - Sogndal kommune
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Politiattest av ny dato må leggast fram før tilsetjing.
Søknadar må leverast innan fristen og sendast via rekrutteringssystemet vårt, Easycruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
12.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6863, LEIKANGER
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6578079Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Pedagogisk leiar + barnehagelærar i Nybø barnehage
Sogndal kommune
LEIKANGER -
Fagarbeidar/assistent i Furuli barnehage – bli med på leikelaget!
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Vikariater som fagarbeidar/assistent i Sagatun barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Barnehagelærar i Furuli barnehage - bli med på leikelaget!
Sogndal kommune
SOGNDAL -
100 % vikariat som fagarbeidar/assistent i Notsete barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL