Ledig stilling

Hemsedal Kommune

Fagleiar - Hemsedal barnehage og skule

Offentlig forvaltning

Er du klar for å forme framtida til barn og unge i Hemsedal?

Vi har ledig 100% fast stilling som fagleiar for barnehage og skule

Har du ambisjonar på vegne av barn og unge? Brenn du for tidleg innsats, heilskapleg tenking og tverrfagleg samarbeid? Då kan dette vere jobben for deg!

Hemsedal kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert person som vil få utvida ansvar for heile oppvekstfeltet. Stillinga er ei nøkkelrolle med ansvar for å sikre trygge og gode oppvekstvilkår for alle barn og unge i kommunen - og vil jobbe tett med kommunalsjef for Oppvekst og kultur i det daglege. 

Om stillinga

Hemsedal har to kommunale barnehagar og éin 1–10-skule. I tillegg har vi eit breitt og godt fritidstilbod. Som fagleiar vert du del av leiinga i oppvekst- og kulturetaten, med ansvar for utvikling og samordning på tvers av heile oppvekstfeltet – med særleg støtte og oppfylging av barnehagane.

Du får ei viktig rolle både strategisk og operativt – som barnehagemynde, pådrivar for utviklingsarbeid, fagleg støtte og planlegging i tråd med nasjonale føringar og lokale mål. Du vil også leie og fylgje opp viktige planar som t.d. plan for å forebygge at barn og unge blir utsett for omsorgssvikt eller utviklar åtferdsproblem og overgangsplan mellom barnehage og skule. Du vil ha ei nøkkelrolle i utvikling av nye rutinar og planar som t.d. plan for førebygging i oppvekstsektoren. Det kan bli aktuelt å fylgje opp konkrete satsingar og prioriteringar i sektoren.

Arbeidsoppgåver

  • Vera ein sentral aktør i planarbeid innan oppvekstfeltet
  • Drive utviklingsarbeid i tråd med lovverk og politiske målsetjingar
  • Styrke det tverrfaglege samarbeidet mellom oppvekst og helse
  • Bidra til kompetanseheving og rettleiing i sektoren
  • Vera barnehagemynde: ansvar for opptak, kapasitet, og vedtak etter barnehagelova, opplæringslova mv.
  • Sakshandsaming og framlegg til politiske utval
  • Følgje opp tilsyn, kvalitet, HMS arbeid og internkontroll
  • Rapportering til statlege myndigheiter innan barnehage og skule

Ytterlegare oppgåver kan tilkomme stillinga.

Ønska kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet
  • Godkjent pedagogisk utdanning
  • Relevant leiarutdanning
  • Leiarerfaring, gjerne frå barnehage/skule
  • Erfaring frå barnehage- og/eller skulesektor
  • God forståing av komplekse samanhengar for hjelpetilbodet til born og deira familie
  • God kunnskap om administrative og pedagogiske programvarer for skole og barnehage
  • God økonomiforståing
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er ein tydeleg, synleg og tillitsbyggjande person
  • har evne til å engasjere og motivere medarbeidarar
  • har høg samhandlingskompetanse og bygg gode relasjonar
  • er fleksibel, løysingsorientert og trivst med ein variert kvardag
  • har analytisk evne, høg arbeidskapasitet og jobbar sjølvstendig
  • har god forståing for arenaene barn, unge og føresette ferdast i

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde ved tilsetting.

Vi tilbyr:

  • meiningsfulle og utviklande arbeidsoppgåver
  • eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk 

Krav til helse- og vandelsdokumentasjon 
Ved dei fleste stillingar i Oppvekst er det krav om politiattest og eigenmelding om Tuberkulose jf. Opplæringslova og Helse- og omsorgstenestelova. Du kan også bli pålagt å ta tuberkulose prøve om du har vært utsatt for smitterisiko. 

Krav til kompetansedokumentasjon
Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert. 

Vitnemål og attester skal lastas opp som ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.  

Kontaktperson
Camilla Edi Hille, Kommunalsjef, 97757207, camilla.hille@hemsedal.kommune.no