• Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    03.07.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6271327
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune
Ledigt jobb

Øygarden kommune

Fleire stillingar som heimehjelp i heimetenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du glad i ansvar, raus i møte med menneske og kreativ i jakta på dei gode løysingane?

Vi ser etter deg som trivs med mange ballar i lufta, som er robust og positiv på krevjande dagar og som trivs best når du arbeider i eit aktivt miljø. Som heimehjelp i heimetenesta får du høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje erfaring og kunnskap i ei teneste som stadig er under utvikling og vekst. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

Vi søkar akkurat deg som er:

Omsorgsfull - Raus - Engasjert - Lojal

og har:

Humor - Livsglede - Mot

Kva får du hos oss?

Som vår nye kollega vil du få ei 65% fast stilling, vi har for tida 2 ledige stillingar. Anna stillingsprosent kan bli ledig ved eventuelle interne søkjarar. Vi har årsturnus med 16 arbeidshelger, årleg fagdag, internundervisning og mentorordning for nytilsette. I heimetenesta vil du få arbeide med dyktige medarbeidarar og det er kort veg mellom leiing og dei tilsette

Du vil arbeide med praktisk bistand (heimehjelp) i kombinasjon med heimesjukepleie på helg/høgtid. Du vil møte motiverte og kunnskapsrike kollega, interessante utfordringar og ha høve til personleg og fagleg utvikling. Som tilsett hos oss vil du og ha gode pensjons – og forsikringsordningar. Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste!

Vi treng nettopp deg som er motivert og som har lyst til å være med oss å realisere denne visjonen!

Kven er så du?

Det er ønskeleg med fagbrev innan reinhald eller at du har anna relevant fagbrev innan helse. Relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell kompetanse. Har du erfaring frå arbeid innan heimeteneste, så er det er fordel. Du må ha førarkort. Du er strukturert og evnar å halde oversikt. Du må kunne kommunisere tydeleg, arbeide godt sjølvstendig og saman med andre, samt bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Som vår nye kollega er det viktig at du kjenner deg igjen i våre verdier; omsorg, livsglede, mot, raus og engasjement.  Du trivs med å tenke nytt, samstundes som du tar vare på dei gode løysingane som allereie eksisterer.

Viss du kjennar deg igjen, bli med oss på laget!

Kontakt:

Ass einingsleiar Kate S. Løland 56 16 05 02 / 95 07 11 21

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Företag
    Øygarden kommune
  • Ansökningstiden
    03.07.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6271327
  • Se här för andra jobb från Øygarden kommune