Ledig stilling

Sogndal kommune

Helsesjukepleiar for tryggleik, støtte og vekst

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helsestasjonen i Sogndal søkjer engasjerte helsesjukepleiarar som vil gjere ein forskjell! 

Hjå oss vert du ein del av eit engasjert og tverrfagleg team som er viktige støttespelarar for barn, unge og familiar. Me følgjer familiar gjennom svangerskap og spedbarnstid, og vidare i barnehage-, skule- og ungdomsår - med fokus på førebygging, meistring og trivsel. Som helsesjukepleiar bidreg du inn i dette viktige arbeidet og møter mennesker i ulike livssituasjonar med fagleg tryggleik og varme.

Me har eit sterkt og mangfaldig fagmiljø med helsesjukepleiarar, barnekoordinator, miljørettleiarar og psykologar. Me er samlokalisert med jordmor-, fysioterapi- og ergoterapitenesta, og samarbeider tett med andre tenester i og utanfor kommunen slik at barn, unge og familiar får den støtta dei treng til rett tid.

Ledige stillingar

  • 100 % fast stilling
  • 80 % fast stilling
  • 100 % vikariat i 1 år (moglegheit for forlenging)
Oppstart etter avtale.
 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene følgjer dei nasjonalfaglege retningslinjene for helsefremjande og førebygjande arbeid i helsestasjon og skulehelseteneste

  • Tverrfagleg samarbeid og teamarbeid

  • Arbeid i både skulehelsetenesta og helsestasjonen kan vere aktuelt
  • Arbeidsoppgåver og arbeidsstad vert avtala ut frå kvalifikasjon og drift

Kven er du? 

  • Helsesjukepleiar, eller sjukepleiar under helsesjukepleiarutdanning

  • Sjukepleiarar kan vurderast ved fråvær av kvalifiserte søkjarar

  • Du kommuniserer godt – både med barn, unge og kollegaer

  • Du er fagleg trygg, strukturert, fleksibel og samarbeidsvillig

  • Du trivst i eit variert arbeidsmiljø og brenn for førebyggjande arbeid

 Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar 

Me tilbyr

  • Variert og meiningsfull arbeidskvardag

  • Godt fagmiljø og tett samarbeid med andre tenester 

  • Kollegarettleiing

  • Dagarbeid, fleksitid og leasingbil

  • Gode velferds-, forsikrings- og pensjonsordningar

 

Reiseverksemd må påreknast. Søkjar må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i tenesta. Du må beherske norsk munnleg og skriftleg.  

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.