Bedrift
MattilsynetSøknadsfrist
12.01.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Direktorater og tilsynsorganUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5580, ØLEN
VINDAFJORD
Antall stillinger
1karriere-kode
6488882Se her for andre jobber fra Mattilsynet
Mattilsynet
Inspektør i kjøtkontroll
Direktorater og tilsynsorgan
Mattilsynet er opptatt av å sjå matproduksjonen frå start til slutt, frå jord til bord, det såkalla heilkjedeperspektivet. Kjøtkontroll og tilsyn med slakteri er veldig viktig i denne heilkjedetanken. Det omfattar mellom anna tilsyn med dyretransport, dyrevelferd og dyrehelse hos levande dyr på slakteriet, hygieniske forhold under slakting og nedskjæring og vurdering av patologiske endringar på slaktet. Den store bredda i fagområdet gjer at arbeidet er spennande og utfordrande.
Ønsker du å bidra til trygg mat og god dyrehelse? Me søkjer etter ein dyktig medarbeidar. Stillinga er ein del av slakteritilsynet i seksjon rødt kjøtt vest, i tilsynsdivisjon landdyr og slakteri. Arbeidsplassen vil vere ved slakteria i Sandeid og Ølen, der ein slaktar storfe, svin og småfe. Stillinga vil inngå i ein arbeidsplan der ein tidvis rullerer mellom dei to slakteria.
Som tilsett hos oss vil du få ein unik moglegheit til å arbeide med viktige samfunnsoppgåver. Teamarbeid står sentralt i organisasjonen, der ein jobbar tett saman for å oppfylle Mattilsynet sitt samfunnsoppdrag. Om du trivs med sjølvleiing, i samarbeid og har god rolleforståing har du gode forutsetningar for å trivest i stillinga.
Kvalifikasjoner:
- Det er en fordel om du har erfaring som kontrolltekniker, men anna relevant arbeidserfaring, fagbrev eller utdanning (som er relevant) er også aktuelt
- For å jobbe som kontrollteknikar må du ha gjennomført kurs som kontrollteknikar. Dersom du ikkje har det frå før, må du ta kurs og eksamen som ein del av opplæringa. Opplæringa skjer i stor grad lokalt
- Relevant erfaring frå forvaltning, tilsynsmetodikk og aktuelt regelverk er ein fordel.
- Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg. Avdelinga nyttar både nynorsk og bokmål som skriftspråk
- Gode digitale eigenskapar og vant med å bruke digitale løysningar
- Gyldig førarkort klasse B
Personlige egenskaper:
- Har motivasjon til å jobbe i slakteritilsynet og med kjøtkontroll
- Har god forståing for tilsynsrolla og evne til å observere og gjere faglege vurderingar
- Kommuniserer klart og tydeleg
- Tek ansvar, er god til å arbeide både sjølvstendig og i team med andre
- Deler kunnskap, erfaringar og informasjon samstundes som du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Har evne til å vere fleksibel og kan handtere endringar i forhold til planlagde oppgåver
- Må ha evne til å prioritere og arbeide effektivt
Vi tilbyr:
- Stilling som inspektør (stillingskode 1497) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida årslønn frå kr. 490.000 - 560.000 for samanliknbare stillingar i Mattilsynet. For særs kvalifiserte søkjarar kan avlønning som førsteinspektør (stillingskode 1498) og høgare lønn bli vurdert.
- Ordna arbeidsforhold, ugunstig arbeidstid blir kompensert i samsvar med gjeldande regelverk og særavtale
- Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring
- Eit fagleg sterkt fellesskap, der du kan utvikle din kompetanse innan eit komplekst fagområde
- Medlem i Statens pensjonskasse med gode låne- pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du:
Søknader vert berre motteken elektronisk. Vi ber om at du laster opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ein enkel og sikker overføring av dine dokument. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no. Søkjare som ikkje har mglegheit for det, legger inn attester og vitnemål som vedlegg til søknaden. Ver venleg å oppgje 2 referansar i søknaden.
Bedrift
MattilsynetSøknadsfrist
12.01.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Direktorater og tilsynsorganUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5580, ØLEN
VINDAFJORD
Antall stillinger
1karriere-kode
6488882Se her for andre jobber fra Mattilsynet
-
Leik, læring og lykke - vil du bli vår nye kvardagshelt?
Stavanger Kommune
SJERNARØY -
Vi har jobben for deg som er opptatt av dyrehelse og dyrevelferd
Mattilsynet
MOSJØEN -
Spesialpedagog - vikariat i spesialpedagogisk team
Giske Kommune
VALDERØYA -
Maskinsjef i sambandet Sølsnes-Åfarnes, p.t. MF Eresfjord
Fjord1 ASA
SKÅLA -
Kommunalsjef Livsløp
Surnadal kommune
SURNADAL