Företag
Aukra kommuneAnsökningstiden
19.05.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6187145Se här för andra jobb från Aukra kommune
Aukra kommune
Kulturformidlar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kulturformidlar 100% fast stilling
Har du eit stort engasjement for å utforske, ta vare på og formidle Aukra si lokalhistorie? Då kan dette vere den rette stillinga for deg. Vi søkjer ein kunnskapsrik medarbeidar som har lidenskap for kulturarv og ønskjer å bidra til bevaring og formidling av vår lokale historie.
Stillinga er todelt og 40% er knytt til eining for innvandring og integrering, - ei spennande moglegheit til å medverke til vidareutvikling av det viktige integreringsarbeidet i kommunen.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeide for å nå målsettingane i kommunen sin kulturmiljøplan
- Samle inn, forvalte, arkivere og dokumentere kulturhistoriske gjenstandar og arkivmateriale
- Utvikle og gjennomføre formidlingsprosjekt, inkludert utstillingar og arrangement
- Samarbeide med andre tenester, organisasjonar og innbyggarar for å fremme lokalhistoria.
- Sekretær for kommunen si sogenemnd
- Noko arbeid knytt til administrative oppgåver på kulturavdelinga
- Undervisning i ulike tema relatert til kultur-, lokalhistorie og lokale tradisjonar for deltakarar i vaksenopplæring
- Utvikle nye integreringsprosjekt
- Ansvarleg for språkkafé
- Ansvarleg for aktivitetar i samarbeid med frivilligheita
Kvalifikasjonar:
- Utdanning innan kulturhistorie eller relevant arbeidserfaring
- Erfaring med formidling av lokalhistorie er en fordel
- Du må vere løysingsorientert og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Vere fleksibel og ha evne til å løyse arbeidsoppgåvene på ein effektiv måte, skape forankring og begeistring hos samarbeidspartar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr:
- Spennande arbeidsoppgåver i eit servicebevisst fagmiljø
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Samarbeid med fagleg dyktige kollegaer
- Kreativt og godt arbeidsmiljø
- Fleksitidsavtale
- Løn etter tariff
- God pensjonsordning
Prøvetid
Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"
Søknadsfrist: 19. mai 2025
Företag
Aukra kommuneAnsökningstiden
19.05.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6187145Se här för andra jobb från Aukra kommune
-
Sjukepleiarar 2 x 100 % fast stilling natt
Aukra kommune
AUKRA -
Miljøterapeut natt 100 % fast stilling
Aukra kommune
AUKRA -
Sjukepleiar 80% fast stilling natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Badevert
Aukra kommune
AUKRA -
Helsefagarbeidar, sjukepleiar -/vernepleiarstudent fast 15% - 20 %
Øygarden kommune
Skogsvåg