Företag
Giske KommuneAnsökningstiden
31.07.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6052, GISKE
GISKE
Antal befattningar
1Karriere-kod
6297484Se här för andra jobb från Giske Kommune
Giske Kommune
SFO-leiar ved Giske skule
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Giske skule har ledig fast 100 % stilling som SFO-leiar frå 01.10.2025 og søkjer ein engasjert og trygg SFO-leiar som vil vere med å skape eit trygt, spennande og utviklande tilbod for barna våre.
Visjonen for ein oppvekst i Giske kommune er «Det var bra eg kom» med utgangspunkt i barnet si erfaring i møte med barnehage og skule. Giske skule sin visjonen - «Ein god stad å vekse», er grunnmuren i alt vi gjer – for både elevar og vaksne. Vi legg vekt på samarbeid, nysgjerrigheit, utvikling og rausheit, og saman skapar vi eit inkluderande miljø der alle får moglegheit til å vekse, både sosialt og fagleg.
Giske skule er ein 1.–7. skule med om lag 90 elevar og med i underkant av 40 elevar i SFO.
Som SFO-leiar vil du vere ein viktig del av laget vårt som gir barna ein god og meiningsfull kvardag. I tillegg er SFO- leiar også leiarstøtte for rektor og bidrar med administrative oppgåver.
Vi ser etter deg som har eit brennande engasjement for barn og oppvekstmiljø, og som vil bidra til å utvikle eit variert og inkluderande SFO-tilbod der leik, læring og trivsel står i sentrum.
Kven er du?
Vi søkjer ein SFO-leiar som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel. I denne jobben må ein vere løysings- og utviklingsorientert og ha vilje og evne til tett samarbeid med kollegaer og føresette. Å jobbe sjølvstendig, ha stor innsatsvilje og ha evne til å inspirere vert viktig i arbeidet med å utvikle SFO-ordninga vår. Å ha ei evne og eit fokus på å byggje relasjonar til barn og vaksne er avgjerande i jobben.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Kvalifikasjoner:
- Barnehagelærar eller anna godkjent pedagogisk kompetanse, minimum bachelor.
- Erfaring frå arbeid med barn og leiing er ein stor fordel.
- Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
- God digital kompetanse.
Personlige egenskaper:
- Du er ein inspirerande og tydeleg leiar.
- Du har eit stort hjarte for barn og trivst med å byggje gode relasjonar.
- Du er kreativ og ser moglegheiter framfor begrensingar.
- Du er strukturert, engasjert og løysingsorientert.
- Du har god digital kompetanse og formidlingsevne.
Vi tilbyr:
- Ein spennande jobb der du kan utgjere ein forskjell for mange barn.
- Eit engasjert og positivt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Flotte omgjevnader og gode moglegheiter for uteaktivitetar.
Företag
Giske KommuneAnsökningstiden
31.07.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6052, GISKE
GISKE
Antal befattningar
1Karriere-kod
6297484Se här för andra jobb från Giske Kommune
-
SFO-leiar ved Valderøy barneskule
Giske Kommune
VALDERØYA -
Barne-og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar - vikariat ved Valderøy barneskule og SFO
Giske Kommune
VALDERØYA -
Tilkallingsvikar Solevåg skule og SFO
Sula kommune
EIDSNES -
Tilkallingsvikar
Stavanger Kommune
STAVANGER -
Kommunedirektør
Madsen og Brekke AS
ETNE