Company
Sogndal kommuneApplication deadline
30.01.2026Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6486990Look here for other jobs from Sogndal kommune
Sogndal kommune
Sommarvikarar kjøkken - Sogndal helse- og omsorgssenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du bli vår nye kollega i sommar?
Me søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2026 til kjøkkenet på Sogndal helse og omsorgssenter.
Hovudoppgåvene på kjøkkenet er å forbereda alle måltid for bebuar og dagbrukar på SHOS. Det blir servert varme og kalde retter, spesialkost for dei som treng det, samt middagsmat som vert køyrt ut til heimebuande. All mat blir tilbereda frå botnen av og i tråd med retningslinjene for institusjonskjøkken.
Arbeidsoppgåver:
- tilberede mat
- skrelling av poteter og grønnsaker
- utlevering av mat
- oppvask
- ivareta hygiene
Arbeidsperioden vil vere i tida 15.06.2026 - 16.08.2026 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe.
Kvalifikasjonar:
- Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Vere fylt 18 år
Elevar innanfor restaurant- og matfag vert oppmoda om å søkje.
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
- Oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
- Imøtekommande
Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
Me tilbyr:
- Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein
- Opplæring
- Løn etter kommunal tariff
Og du, som sommarvikar i denne stillinga får du høve til å delta på Sognacamp! Sognacamp er ei fem veker lang sommaroppleving for dei heldige som har sommarjobb i Sogn. Målet er å gi deg ein verdifull inngang til arbeidslivet, samstundes som du får utforske moglegheitene i vakre Sogn og bli kjend med andre som har sommarjobb her.
Vil du ha ein sommar du aldri gløymer? Då er Sognacamp for deg! Du får meir informasjon og høve til å melde deg på når du har fått tilbod om sommarjobben. Les meir her: Sognacamp
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Tilsetjing blir gjort fortløpande.
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
30.01.2026Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6486990Look here for other jobs from Sogndal kommune
-
Sommarvikarar - Prestahagen omsorgsbustad
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sommarvikarar på Leikanger – sjukeheim, heimetenesta og kjøkken
Sogndal kommune
Leikanger -
Sommarvikarar i Balestrand - sjukeheim, heimetenesta, vaskeri og kjøkken
Sogndal kommune
Balestrand -
Sommarvikarar - fysioterapi- og ergoterapistudentar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sommarvikarar - Sogndal helse- og omsorgssenter
Sogndal kommune
SOGNDAL