• Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    02.07.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5953, FONNES
    AUSTRHEIM
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6267326
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA
Ledigt jobb

Fjord1 ASA

Vil du bli vår nye maskinsjef?

Ferger

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Leirvåg-Sløvåg, om bord MF Storfjord. Denne ferja vart bygd i 2011, og er i 2019 bygd om til hybrid med batteri som primær energikjelde for framdrift.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
  • Fleksibel vaktordning: Døgnskift med 3 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi.

Byttedag mandagar!

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!

Kvalifikasjoner:

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg

Personlige egenskaper:

    Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trives med å lede og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø er noko av det viktigste du veit. Visst desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.

Vi tilbyr:

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Maskinistforbund
  • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
  • Skiftordning: Døgnskift, 3 veker på og 3 veker av
 

  • Företag
    Fjord1 ASA
  • Ansökningstiden
    02.07.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Ferger
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5953, FONNES
    AUSTRHEIM
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6267326
  • Se här för andra jobb från Fjord1 ASA