Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
18.05.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6190342Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.
Er du nyutdanna sjukepleiar til sommaren og ikkje heilt har bestemt deg for arbeidsplass enno? Eller er du ein erfaren sjukepleiar som kan tenke deg å prøve noko nytt for ein periode? Ja, då bør du søke på Sande omsorgssenter. Vi kan tilby eit arbeid med mykje glede, ansvar og faglege utfordringar.
Som sjukepleiar har du ansvar for sjukepleie til pasientar og du arbeider tverrfaglig i team. Du skal som pasientansvarlig sjukepleier vere pasienten sin kontakt og talsperson, ha ansvar for å sikre kontinuitet og fagleg forsvarleg omsorg, i tillegg til kvalitet og koordinering av tenestetilbodet.
Vi har ledig:- 3 faste 100 % stillingar som sjukepleiar
Vi søker deg som:
- har ønske om og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
- er fagleg engasjert og vil utvikle gode tenester
- har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- er struktruert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
- er fleksibel og likar utfordringar
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Søkar må:
- ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- beherske norsk godt, skriftleg og munnleg
- kunne levere gyldig politiattest
Vi tilbyr:
- drivande godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
- ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- pasientnært og fagleg fokus
- spanande og faglege utfordringar
- leiing som er nær
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr 35 000
- gode pensjons og forsikringsordningar
Vi har prøvd ut langvakter og har god erfaring med det. Det er høve til å kombinere langvakt og kortvakt. Vi tilpassar etter behov så lenge det let seg gjere.
Går ein langvakt er det arbeid kvar 4.helg. Går ein kortvakt er det arbeid kvar 3.helg
Du søker elektronisk.
Vi ser fram til å høyre frå deg, velkommen som søkar!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
18.05.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
6190342Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
-
Helsefagarbeidar
Sunnfjord kommune
FØRDE -
Vernepleiarar/ sjukepleiarar og sosialarbeidarar med fagansvar .
Sula kommune
LANGEVÅG -
Sjukepleiar i heimetenesta - hhv 70% på natt og 70% i 2 delt turnus - faste stillingar
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Sjukepleiar/vernepleiar stilling i 100%
Øygarden kommune
RONG -
Sjukepleiar
Sunnfjord kommune
FØRDE